Skype

Videosamtalar mellom pasientar og pårørande

Vik kommune kan no tilby videosamtalar mellom pårørande og pasientar ved Vik Bygde og sjukeheim og omsorgsbustadane i Flatbygdi 18 og 19. 

Vik Bygde og Sjukeheim, omsorgsbustadene og Bringebærhagen er stengt for besøkjande. Berre i særskilte høve kan pårørande besøkja sine. Ta kontakt med den enkelte avdeling for å avklare besøk eller å for å setje opp videosamtale.

For å nytte seg av videosamtale må pårørande ha appen Skype, og logge på med eigen microsoftkonto.

Ring oss gjerne på vakttelefon før første gongs pålogging, slik at me kan hjelpe med «ansikt-til ansikt» kontakt mellom pasient og pårørande. 

Nummer til vakttelefonane:

  • Vik Bygde og sjukeheim avdeling 1: 915 62 368
  • Vik Bygde og sjukeheim avdeling 2: 975 83 095
  • Vik Omsorgsbustad: 991 19 455 

Me er søkbare i skype-appen:

  • Avdeling 1: Avdeling 1, Vik Bygde og sjukeheim eller Avdeling Somatisk, Vik Bygde og sjukeheim.
  • Avdeling 2: Vik bygde og sjukeheim`avdeling 2, 1 etasje eller Vik bygde og sjukeheim`avdeling 2. 
  • Omsorgsbustad: Vik Omsorgsbustad, F18
Tips ein ven  Skriv ut