Slått

Vik – høgast andel sysselsette innan jord- og skogbruk

Statistikk viser at Vik er den kommunen i fylket som har høgast andel sysselsette innan jord- og skogbruk med 8,5 % (119 av 1393 personar). 

Etter oss kjem Hornindal, Lærdal, Gloppen, Luster og Jølster. Snittet er  1,8 %  i landet  og 3,8 % i fylket. 

Dei siste 10 åra har både fylket og landet hatt ein kraftig reduksjon i tal sysselsette innan jord- og skogbruk, men i Vik kommune har den relative nedgangen vore mindre.  

Du kan lesa meir om sysselsette innan jord- og skogbruk hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut