Border collie - Tessi

Vik kommune - forskrift om bandtvang

Hundar har ikkje tilgang til barnehagebygningar, skular og kyrkjer. Dei skal haldast i band heile året i bustadområde og handleområde, på tilrettelagde og/eller merka område for idrett og friluftsliv, skulevegar, merka skiløyper, badeplassar, kyrkjegardar, skuleplassar, leikeplassar og merka turstiar/-vegar.

I Vik kommune skal hundar haldast i band der husdyr beiter i perioden frå 1. april til 1. november.

Hundeførar har plikt til å fjerne avføring som hundar legg att på og langs offentlege vegar eller i andre område som er tilgjengelege for ålmenta i tettbygd strøk.
Det same gjeld for badeplassar, på og langs turvegar og merka skiløyper.

Hundehaldar er ansvarleg for at alminneleg ro og orden vert ivareteke slik at hundar ikkje uroar med vedvarande gøying eller liknande.

Føremålet med forskrifta er å

  • Leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden.
  • Redusera konfliktnivået mellom hundeeigar og ålmenta.
  • Medverka til at spesielt born ikkje vert skremde eller skada av hundar.
  • Medverka til at hundar ikkje jagar eller uroar beitedyr.
  • Verna viltet.


Sjå lenkje: Forskrift om bandtvang for hund i Vik kommune  som er vedteke i kommunestyret 28.04.2008 sak nr 027/08

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut