Koronaviruset: status i Vik kommune - dagleg oppdatering

Akkurat no er det ingen stadfesta smitta i Vik kommune. For å unngå utbrot av smitte i kommunen, er det avgjerande at me ikkje senkar skuldrane no, men held fram med smittevern-tiltaka.

Samleside finn du her.  Also information regarding the Corona-virus in EnglishSkip to information in English; click here.

Les mer...

Vik kommune har teke over forvaltningsansvaret for Eitrestrondi naturreservat.

Samrøystes vedtak i kommunestyret 12. mars.

I desember 2014 fekk alle kommunane i Norge tilbod frå Miljødirektoratet om å ta over forvaltningsansvar for verna område som ligg innafor kommunegrensene. For Vik gjeld dette Eitrestrondi naturreservat i Arnafjord. Inntil no har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane hatt dette ansvaret. Rådmannen meinte det ville vere positivt med lokal forvaltning og nærleik mellom brukarar/søkjarar og den eininga som har forvaltningsansvaret. Vidare vurderte ein at kommunen har tilstrekkeleg kapasitet og kompetanse til oppgåvene. Behovet for skjøtsels- eller tilretteleggingsoppgåver vil vera relativt lite. Noko informasjonstiltak ville vere naturleg og positivt.

Vik kommunestyret vedtok 12.03.15, samrøystes, at ein skulle takka ja til tilbodet.

I brev av 26.05.2015 delegerte Miljødirektoratet ansvaret for forvaltning av Eitrestrondi til Vik kommune. På same tid fekk kommunen ansvaret for to freda naturminne, ein hestekastanje på kaien på Vangsnes og ein stor sprake/einer over utgarden på Nese.

Vik kommune ynskjer god kontakt og dialog med grunneigarane og har i dag sendt særskilt skriv til desse og orientert om endringa.

Tips ein ven  Skriv ut