Vik kommune nominert til "Gullepleprisen"

Bakgrunnen for nominasjonen er kommunen sitt arbeid med  STL – skriva seg til lesing. Denne prisen vert delt ut av Norske Pedagogers Dataforening (NPeD) i samband med den årlege NKUL – konferansen i Trondheim 6.-8. mai

Gullepleprisen
Gullepleprisen

 

På NPed sine nettsider står det fylgjande om prisen: 


Prisen kan deles ut til en pedagog eller en gruppe pedagoger i barnehage, grunnskole eller videregående skole. Følgende kriterier skal ligge til grunn for tildelingen: 

  • Oppfyllelse av mål i Rammeplan for barnehage, eller K-06 med fokus på digital kompetanse som basisferdighet 
  • Implementering av IKT på en kreativ, naturlig og nyskapende måte 
  • Vilje til deling av ressursen og gjenbruksverdi 

Sjå meir på nettstaden til NPed.

Det er svært positivt å sjå at den gode jobben som vert gjort i skulane,  og ikkje minst på tvers av skulane i Vik kommune, vert lagt merke til. 

I haust gjennomførte dei første STL elevane i kommunen nasjonale prøvar med eit framifrå resultat,  og det er god grunn til å tru at dette har samanheng med satsinga og godt nettverksarbeid knytt til STL  mellom skulane. 

Då får me venta i spenning til i mai, men me kan absolutt gleda oss over nominasjonen. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut