Hove og ennefjellet

Vik legekontor - utfordringar ved skifte av teleoperatør

Viktig informasjon: På grunn av overgang frå Telia til Telenor som leverandør av telekommunikasjon, opplever Vik legekontor utfordringar rundt mellombelse visningsnummer; 481 97 902 eller 475 17 608. 

AV tekniske årsaker er det førebels ikkje mogeleg å vise hovudnummeret, 57 69 87 00, når legekontoret ringjer ut. Telefonsamtalar frå Vik legekontor vil komme frå dei to mobilnummera; 481 97 902 eller 475 17 608. 

Dessverre er desse nummera lista som "kunden er reservert mot nummeropplysning" hjå tenester for nummeropplysning. Me arbeider med å få fjerna denne reservasjonen, og å få på plass att hovudnummeret; 57 69 87 00. 

Fram til dette er ordna, ber vi alle vere merksam på dei mellombelse nummera til legekontoret, og å svara på desse telefonane. Samstundes er det viktig at de nyttar hovudnummeret, 57 69 87 00, når de skal ringje til Vik legekontor.

Me beklager ulempene omlegginga har ført med seg.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut