Vaksenopplæring

Vik vaksenopplæring

Vaksenopplæringa tilbyr opplæring og prøvar for deg som er over 16 år, og som har behov for grunnskuleopplæring og/eller norskopplæring. Me tilbyr også realkompetansevurdering i grunnskulefag.

Me tilbyr følgjande opplæringstilbod: (klikk på lenkje for tenesteomtale)
 
Me tilbyr desse prøvane: 
Norskprøve munnleg og skriftleg for vaksne innvandrarar på nivå A1 – B2
Samfunnskunnskapsprøve
Statsborgarprøven
Sentrale skriftlege og lokale munnlege grunnskuleeksamenar
 
Me tilbyr realkompetansevurdering: 
Dersom du har arbeidserfaring eller skulegang som du ikkje kan dokumentera, kan du søka om å få kompetansen din vurdert opp mot læreplan eller kompetansemåla i fag for grunnskulen eller vidaregåande skule. Sjå søknadsskjema lenger nede for å få gjennomført ei realkompetansevurdering i grunnskulefag hjå oss.  
 
Kontaktinformasjon: 
Vik vaksenopplæring
Rektor Rita Årevik Vikdal, rita.arevik.vikdal@vik.kommune.no , tlf 57698200/ 91387608
 
Skjema: 
Nedanfor finn du lenkjer til skjema  som du kan bruka når du skal søkja om dei ulike tenestene. I skjema finn du meir informasjon om dei ulike tenestene. Ta kontakt med Vik vaksenopplæring for fleire spørsmål og me vil rettleia deg  i dine rettar knytt til vaksenopplæring.  
 
Alle skjema skal sendast/leverast til Vik kommune: 
Postboks 134, 6891 Vik i Sogn 
Besøksadresse: Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn  
 
 
 

Språkopplæring for vaksne på grunnskuleområdet

Grunnskuleopplæring for vaksne skal tilpassast den einskilde sine behov. Vaksne med anna morsmål enn norsk og samisk kan få eiga opplæring i norsk inntil dei har gode nok ferdigheiter i norsk til å følgje den ordinære grunnskuleopplæringa for vaksne.

Tenesteomtale

Vaksne med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan ein også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar.

Kriterium/vilkår

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk
  • Eleven har ikkje gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring)

 

Lenkjer

Tips ein ven  Skriv ut