Modell Øenmarki sett frå sør med RV13 til venstre

Vinnarprosjekt for utbygging av Øenmarki er kåra!

Vinnarposjekt for utbygging av Øenmarki er kåra! 

Vik Formannskap  valde i møte 22.12.16   vinnar i prosjektkonkurransen om bustadbygging på Øenmarki i Vik.

Vinnarforslaget vart levert av Røyrvik Bygg og Betong AS i samarbeid med arkitektfirma Jon Vikøren AS.

4 inviterte firma leverte forslag.  

Forslaget viser ei tunløysing med 20 bustader av ulik storleik fordelt på 5 bygningar.

Eit variert utval av bustadtypar og oppdelt bygningsmasse gjev god fleksibilitet og  god tilpassing til omgjevande bygningsmiljø.

Situasjonsplan og bygningsforming  legg grunnlag for å skapa eit attraktivt  bumiljø.

Røyrvik Bygg og Betong AS vil utvikla området i fleire byggesteg, og vil leggja ut bustader for sal når prosjektet er klart.

Byggestart kan verta tidleg 2018,  avhengig av om planprosessar og sal går som forventa.

Løysingane som er vist på Illustrasjonane her kan verta justerte  på grunnlag av  godkjent reguleringsplan og kjøparinteresser.

Teikningar Øen marki

Tips ein ven  Skriv ut