Om skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er  for deg som går på barne-, ungdoms- og vidaregåande skule.

I skulehelsetenesta arbeider leiande helsesjukepleiar, helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut.

Vik kommue har ikkje vidaregåande skule og elevar kan nytte skulehelsetenesta på skulestaden og i heimkommunen etter ynskje.

  • Tenesta er gratis.
  • Du kan ta kontakt utan timeavtale.
  • Helsesjukepleiar er der for deg og vi ønsker å bidra til at du får hjelp når noko er vanskeleg for deg.
  • Vi kan hjelpe deg å komme i kontakt med andre tenester om nødvendig. Dess tidlegare vi blir kjent med det som er vanskeleg for deg, desto lettare kan vi hjelpe deg.

Helsesjukepleiar er sjukepleiar med vidareutdanning og spesialkompetanse på barn og unge si helse og utvikling. Du kan snakke med helsesjukepleiar om det du vil.

Skulehelsetenesta jobbar for å fremja god helse og trivsel og førebyggja sjukdom hjå barn og unge, gjennom råd / rettleiing, helseundersøkingar, undervisning,  vaksinasjon  og  oppfølging ved behov. Helsesjukepleiar jobbar i tett samarbeid med personalet ved skulane og med føresette. Føresette og lærarar blir oppmoda til å ta kontakt ved behov. Helsesjukepleiar har teieplikt.

Kontaktinformasjon

Skulehelsetenesta
InformasjonKontaktopplysningar
Telefon dagtid57 69 87 11
Opningstid skulehelsetenesta Flatbygdi skuleTysdag kl. 09:00 - 14:00
Opningstid skulehelsetenesta Feios skule1. tysdag kvar månad, elles ved behov
Opningstid skulehelsetenesta Fresvik Enspire skule1. dag kvar andre månad, elles ved behov
TilsetteInger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07 og konst. helsesjukepleiar Anette Rinde Fosse tlf. 9651720
DigihelsestasjonKontakt med helsestasjonen via HelseNorge