Andre vaksinar

Her finn du informasjon om vaksinar utanom barnevaksinasjonsprogrammet.

  • Pneumokokkvaksine til vaksne, influensavaksine og vaksine mot skogflåttencefalitt må du i dei fleste tilfelle betale for.
  • Influensavaksine og pneumokokkvaksine kan du få  hjå fastlegen eller hjå helsestasjonen .
  • Elevar i 2. klasse på vidaregåande skule får tilbod om gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse på skulestaden. Frå 2017 dekka Vik kommune kostnaden for vaksina ( kommunestyrevedtak ). Frå 2021 har kostnaden for vaksina vore delt mellom vertskommunen ( Sogndal kommune, Voss kommune) og Vestland fylkeskommune.

Vaksine mot sesonginfluensa er ulik frå år til år, avhengig av kva type virus som er forventa å ramme hardast. Vaksine mot sesonginfluensa er normalt tilgjengeleg på hausten. Følg med i lokale media for annonsering av influensavaksine, eller spør hos fastlegen din.

I enkelte yrke kan det også vere aktuelt med yrkesvaksinasjon på grunn av smittefare i samband med jobb. Dette vil som oftast dekkast av din arbeidsgivar.

For andre vaksinar, ta kontakt med fastlegen din, eller helsestasjonen for meir informasjon, eller for å bestille time.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
InformasjonKontaktopplysningar
Telefon dagtid57 69 87 11
OpningstidMåndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30
GateadresseFlatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
PostadresseVik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-postinger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no
TilsetteLeiande helsesjukepleiar Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07, konst. helsesjukepleiar Anette Rinde Fosse tlf. 96 51 72 01 og Jordmor Kamilla Mundal Neset
DigihelsetasjonKontakt med helsestasjonen via HelseNorge