Reisevaksinasjon

På helsestasjonen får du reisevaksinar og rådgiving før utanlandsreiser.

Kva vaksinar du treng er avhengig av helsetilstanden og vaksinehistoria di, reisemål, lengda på turen og type reise. Me hjelper deg med å avklare dette. Me oppdaterer også vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste – noko som bør gjerast kvart tiande år.

Bestill time i god tid, gjerne minst 8 veker før reisetidspunktet på telefon 57 69 87 11.

Hugs på følgjande:

  • Dersom du skal studere i utlandet, må du ta med skriv frå skulen om kva vaksinar som vert krevd.
  • Ta med dokumentasjon på tidlegare vaksinar om du har det. Me kan også søke opp dine vaksinar som er satt i Norge i SYSVAK. Oversikt over dine vaksinar finn du på «mine vaksiner» på helsenorge.no
  • Dersom du har ein sjukdom og bruker spesielle medisinar, eller er under behandling, bør du konferere med legen din om kva vaksinar du kan ta.
  • Reisevaksinasjon er ei teneste du må betale for ( prisliste på helsestasjonen). Me gjer merksam på at du må betale for både konsultasjonen og vaksineprisen. Du kan betale med vipps.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
InformasjonKontaktopplysningar
Telefon dagtid57 69 87 11
OpningstidMåndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30
GateadresseFlatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
PostadresseVik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-postinger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no
TilsetteLeiande helsesjukepleiar Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07, konst. helsesjukepleiar Anette Rinde Fosse tlf. 96 51 72 01 og Jordmor Kamilla Mundal Neset
DigihelsetasjonKontakt med helsestasjonen via HelseNorge