Dispensasjon frå gjeldande plan

Dersom du ynskjer å gjere noko anna på ein eigedom enn det som gjeldande arealplan legg opp til, har du høve til å søke om dispensasjon eller søke om å endra gjeldande reguleringsplan.

Utforming av ei dispensasjonssøknad må formulerast i eigen tekst, kommunen har ikkje eige skjema for dette.

Plan og bygningslova (PBL) gjer greie for dispensasjonsvedtaket, og kva ein bør legge vekt på med utforming av ein dispensasjonssøknad.

Kommunen kan gi dispensasjon:

  • dersom vedtaka i planen som det vert søkt om dispensasjon frå ikkje vil føra til vesentlege endringar, eller at dei skildra føremåla i planen ikkje får vesentleg mindre betydning.
  • dersom fordelene ved å gi dispensasjon viser seg klart større enn ulempene
     

Sjå kva for plan som gjeld for din eigedom på denne lenkja.

Lenkje til kommuneplan for åra 2014-2024 - Vik kommune
Kommuneplan arealdel i kartvisning for åra 2014-2024

Heimel

Plan- og bygningslova § 19

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
InformasjonKontaktopplysningar
Telefon57 69 82 00
GateadresseFjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
PostadressePostboks 134, 6891 Vik i Sogn
OpningstiderMåndag - fredag: 10:00 - 14:00.
Organisasjonsnummer937498764
EHF faktura0192:937498764
E-postpostmottak@vik.kommune.no
eDialogSikker elektronisk post til kommunen