Sogn barnevern er ei interkommunal teneste for kommunane Sogndal, Luster og Vik. Barnevernstenesta har kontorstad i Sogndal (Dalavegen 2, 2.etasje). Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der ein treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei blir tekne godt vare på. Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.
Publisert 21.06.2021 10:06
Sist endra 17.06.2025 14:55