Tilgjengelegheitserklæring for heimesida til Vik kommune

God kommunikasjon, klart språk og universell utforming er viktig for Vik kommune i vårt arbeid med digitale kanalar. Innhaldet på Vik kommune si heimeside skal vere mogleg å bruke og forstå for alle. 

Kva gjeld erklæringa for?

Tilgjengelegheitserklæringa gjeld for heile nettstaden til Vik kommune. Erklæringa gjeld ikkje andre subdomener under vik.kommune.no. Erklæringa gjeld heller ikkje for til dømes skulane sine eigne heimesider, eller nettsidene til kommunale føretak.  

Forskrift om universell utforming av ikt-løysingar stiller krav om at verksemder i offentleg sektor sine nettstader og appar må oppfylle 35 av 61 suksesskriterium i standarden "Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0)" og dei 12 nye krava som kom med WCAG 2.1. På uutilsynet sine nettsider ligg alle krava samla. Følg denne lenka for å lese meir om dei ulike krava til offentleg sektor.

uustatus - tilgjengelegheitserklæring for vik.kommune.no

Sjå også Vik kommune si personvernerklæring her. 

Kven er ansvarlege for nettstaden?

Redaksjonsgruppa frå avdelinga stab i Vik kommune, har systemansvar for nettstaden. Dei ulike einingane i kommunen er ansvarlege for sitt eige innhald på nettstaden. Kommunalsjef for stabsfunksjonar er ansvarleg redaktør for nettstaden. Me jobbar med å forbetre nettstaden, og fylgjer standarden "Retningslinjer for universell utforming av nettinnhold (WCAG) 2.1. " Kvalitetsarbeidet og utviklingsarbeidet foregår i samarbeid med vår tekniske leverandør Acos AS. 

Historikk for nettstaden

Vik kommune fekk ny heimeside i januar 2022. Acos AS står for design og utvikling i samarbeid med redaksjonsgrupppa. Universell utforming, klarspråk og tilgjengelegheit har heile tida vore sentralt i arbeidet. Alle som har bidrege med tekst til heimesida vår, har fått opplæring i klart og tydeleg språk. 

Kontinuerleg arbeid

Vik.kommune.no har over 340 000 sidevisningar dei siste 12 månadane. Nettstaden har mange enkeltsider, og det er eit omfattande arbeid å halde kvaliteten på ønska nivå. Under har me lista opp dei viktigaste punkta i arbeidet med å vedlikehalde heimesida vår:

  • Me brukar tilbakemeldingsfunksjonane på nettstaden aktivt til feilretting. Via "Fann du det du leita etter?".
  • Me går kvar veke gjennom sider med brotne lenker, og rettar opp i desse feila.
  • Me arbeidar for å ha eit klart og tydeleg språk.
  • Me jobbar med at alle bilder skal ha alternativ tekst, og at videoar som blir liggjande lenger enn 14 dagar på heimesida må tekstast. 
  • Nettsidene er koda slik at det er mogleg å få innhaldet lese opp med skjermlesar. Her kan ein velje «Lytt til teksten».

Dette prioriterer me no

I 2023 prioriterer me å oppdatere Vik kommune si heimeside til å oppfylle krava i WCAG 2.1. Dette vil mellom anna bety:

  • Oppretthalde og vidareutvikle ein universelt utforma nettstad
  • Minne dei som skriv tekst til heimesida om å legge ut innhald som er universelt utforma
  • Skrive tekst i eit klart og tydeleg språk, i tråd med Vik kommune sin språkprofil
  • Sjå til at nettstaden oppfyller dei lovpålagte krava i WCAG 2.1
  • Tilpasse innhald og funksjonalitet slik at me oppfyller nye krav i WCAG 2.1
  • Følge likestillings- og diskrimineringslova og forskrift om universell utforming av ikt-løysingar
  • Sikre universell utforming ved val av tredjepartssystem 
  • Rydde opp i PDF-filer og arkivere/fjerne filer som ikkje oppfyller dagens krav 
  • Rydde opp i bildearkivet og arkivere/fjerne filer som ikkje oppfyller dagens krav 

Status for samsvar med krav

Vik.kommune.no er delvis i samsvar med WCAG 2.1 nivå AA. Viser til testresultata i tabellen under. Acos AS har også ansvar for at heimesidene dei leverer oppfyller krava i WACAG 2.1. Les meir om ansvarsfordelinga mellom leverandøren Acos AS og kommunen her.

Testresultat

Me har brukt Acos AS sine anbefalingar for test av universell utforming på heimesida vår. 

Tilgjengelegheitserklæring for heimesida til Vik kommune
Vertøy Beskriving Testresultat
Heading Tag Markup Tillegg som installerast i nettlesaren som gir ei oversikt over overskriftskodar som er benytta på sida. Framside – manglar H1 overskrift. Transportsidene har H1 overskrift. Artiklane har H1, H2 og H3 brukt på rett måte etter UU-krava.
ARC Toolkit Eit tillegg som installerast i nettlesaren for å teste nettsidene opp mot WCAG krava. Testen viser nokre feil og manglar på framsida. Transportsidene har ikkje feil i forhold til krava, men me finn tips til forbetring. Artiklane har ingen feil. Testen viser feil på FB-ikonet, dette er ei lenkje utan tekst.
Web developer Eit tillegg som kan installerast i nettlesaren som kan benyttast i samband med test av universell utforming. Blant anna kan verktøyet vise alternativ tekst på bilder, vise overskriftskodar og slå av CSS. Framside – manglar alternativ tekst på kommunevåpen og bilda i aktueltsakene.
Siteimprove Siteimprove er verktøy for kvalitetssikring og nettstatistikk for innhald på nett. I Siteimprove får du oversikt over lenkefeil, universell utforming, statistikkar med meir. Tilgjengelegheit – 100/100 SEO – 55/100 Opptreden – 61/100 Brotne lenker – 67/100 (grunnen er gebyrregulativ som må oppdaterast)
Browserstack Verktøy som lar deg simulere ulike operativsystemer, uilke mobiler med meir. Me testa Edge, Crome og Safari på windowsplattform. Testing av nettsidevisning på mobil. Resultatet viser at sida oppfyller UU-krava på dette punktet.
Colour Contrast analyser Colour Contrast analyser let deg finne graden av kontrast mellom fargar som er nytta på nettsida. Kontrastgraden på framsida får godkjent. På vanleg tekst får me ein feil på kontrast AAA. Transportsidene og artiklane får også godkjent.
NVDA Populær og gratis skjermlesar til Windows. Etter lytting av opplesing av framsida finn vertøyet feil på opplesing av bannerfelt og pilmeny på venstre side, desse blir ikkje lest opp. Alttekst på framsidebilete og artikkelbileta vert ikkje opplese. Transportsidene og artiklane blir lest opp på ein god måte. Ingen feil her.
W3C HTML Validator W3C HTML Validator sjekkar om koden er i tråd med krava. Etter testing av HTML 1 til 37, har me 37 punkt som kan forbetrast, men som ikkje er direkte feil. Dette vil me ta dette vidare med vår leverandør av heimesida, Acos AS.
Wave Wave er ein validator som sjekkar om koden er universelt utforma. Framsida viser feil på to lenkjer utan tekst. Me finn 9 kontrastfeil som går på skrift i forhold til bakgrunn. På transportsidene og artiklane finn verktøyet ingen feil.
Tingtun Cheker Verktøy for validering av PDF-dokument. Etter kontroll av PDF-dokument knytt til artiklar og politiske møter finn me feil på bruk av bokmerker. På dokumenttitlar finn me feil på at tittel manglar i lenkja inn til PDF-dokumentet.
What Font WhatFont hjelper deg å inspisere skriftstørrelse og skrifttype på teksten. Fontane på framsida er «opensans-400». Dette gjeld også for transportsidene og artiklane.
W3C W3C har laget et smart Decision Tree som forteller når bildet trenger alternativ tekst. Me har gjennomført test i forhold til om bileta treng alternativ tekst. Dei bileta me har brukt på heimesida er av dekorativ art, og treng difor ikkje alternativ tekst. Me vil likevel skrive alternativ tekst til alle bileta me brukar på sida vår i framtida.

Kjente feil

Sjølv om me gjer vårt beste for at alt innhald på heimesida skal være universelt utforma, veit me at det finst manglar. PDF-dokument og andre delte og publiserte dokument kan ha manglar i formatering, struktur og bilete/illustrasjonar. Kart på Vik kommune si heimeside er tredjepartsløysingar, og kan vere mangelfulle med omsyn til universell utforming.

Gi oss tilbakemelding

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller går du glipp av innhald på grunn av at nettsidene ikkje er universelt utforma? Då ynskjer me at du tek kontakt med oss. Bruk knappane nest på sidene «fann du det du leita etter», og gi tilbakemelding på kvar du støtte på problem. Du kan også sende e-post til publisering@vik.kommune.no.