Hjortevilt og viltforvaltninga i kommunen

Kommunen har eit overordna ansvar i forvaltning av hjortebestanden. Landbrukskontoret samlar inn faktagrunnlag som bestandstal utifrå hjorteteljingar, og levevilkår ut i frå dyretal og slaktevekter.
 

Det er oppretta eit eige styre for Vik bestandsplanområde, og styrerepresentantane pr mars 2026 er:

  • Harald Hanekam (representant for småvalda i aust), 
  • Bjarne Engum (Arnafjord storvald), 
  • Tore Røyrvik (Vik vest storvald), 
  • Ivar Eilev Refsdal (Vik aust storvald),
  • Ingvar Vangsnes (Feios storvald) 
  • Ole Morten Otterhjell (Fresvik storvald). 

Styret har eigne vedtekter.

Vik hjorteviltområde har hatt utarbeidde bestandsplanar sidan år 2016. Bestandsplan for Vik hjorteviltområde 2025-2027 vart godkjend i Vik formannskap 05.06.25. Heile 91 % av teljande areal i kommunen tilslutta bestandsplanen.


Bestandsplan for Vik hjorteviltområde 2025-2027. (PDF, 3 MB)
Statistikk på bestandsutvikling i t.d Vik hjorteviltområde kan du finne i lenkja her.
På denne lenkja får du visning av hjortevalda i kommunekartet



Heimel
Lokal forskrift for minsteareal hjort for Vik kommune FOR-2008-05-26-536
Forskrift om forvaltning av hjortevilt - FOR-2016-01-08-12
Forskrift om forvaltning av hjortevilt med kommentarar frå år 2016
Lov om sameige (sameigelova) - LOV - 1965-06-18-6