Etablerarprøve for serveringsverksemd

Meir om tenesta 

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må dagleg leiar av serveringsstaden ha klart etablerarprøven. (Dette er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkohollova.)

Etablerarprøven skal sikre at den som er ansvarleg for serveringsstaden, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgjeving som har noko å seie for drifta. Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har tatt imot melding om at du ønskjer å avleggje prøven. Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette. Ta med gyldig legitimasjon.

Brosjyrar og læremateriell
Læremateriell til etablerarprøven for serveringsverksemd - Vinns nettbutikk

Kven kan få tenesta?

 Dagleg leiar i ei verksemd som har eller søkjer om serveringsløyve. 

Kva kostar tenesta?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2025 og økonomiplan 2025 -2028 her.

Heimlar med lenkjer:


Serveringslova
Forskrift om etablerarprøve - serveringsstad
 

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen