Dersom du planlegg å starte opp med mat og drikke servering, må du ha serveringsløyve. Dette kan vere restaurant, kafè konditori, gatekjøken, potetvogn, pub og bensinstasjon.
Du som dagleg leiar, eller leiar for verksemda di må ha greidd etablerarprøven for å kune søkje om serveringsløyve. Løyvet vert då tildelt til selskapet som eig staden.
Det er krav om unkanderleg vandel, som vert innhenta av skatteetat og politi. Ved eigarskiftemå det søkjast om eit eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.
Søkje om eller endre serveringsløyve:
Søknadskjema
Dokumentasjon til søknad:
Firmaattest for alle selskap som er involvert i drifta.
Teikningar av skjenke- og serveringsarealet det er søkt om løyve for både ute og inne.
Dokumentasjon for greidd etablerarprøve.
Kjøpekontrakt når det er inngått avtale om overdraging av verksemda med skjenkeløyve.
Leigekontraktar/framleigekontraktar o.likn.
Skatteattest for løyveinnehavar.
Utskrift av aksjeeigarbok.
Ved søknad om uteservering må det sendast med løyve frå grunneigar.
Universell utforming i lokalet inkl. toalett.
Publisert 18.07.2024 13:19
Sist endra 25.10.2024 15:08