Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar

Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal gjere deg i stand til å snakke norsk og forstå samfunnet. Opplæringa skal gi deg eit minimumsnivå i norsk. Opplæringa i samfunnskunnskap blir gitt på eit språk du forstår. Du vil også få ein opplæringsplan som skildrar måla for akkurat deg. Når opplæringa er ferdig må du ta ein avsluttande prøve. Då vil du også få eit deltakarprov.

Kven kan få tenesta?

Innvandrarar mellom 18 og 67 år, som har opphaldsløyve.

Du har både rett og plikt til å delta i opplæringa når du har opphaldsløyve i ein av desse kategoriane:

  • har opphaldsløyve som flyktning eller overføringsflyktning
  • har ein søknad om vern og dermed eit fornybart opphaldsløyve
  • har avgrensa opphaldsløyve grunna for eksempel ein familiesituasjon
  • har opphaldsløyve på grunn av vernebehov for ei heil gruppe
  • har opphaldsløyve fordi du er i familie med ein som har vore busett i mindre enn fem år
  • har fått fornybart opphaldsløyve på grunn av samlivsbrot og samlivet var prega av mishandling.

Du har plikt til å delta i opplæring når du:

  • har fått opphaldsløyve fordi du skal jobbe i Noreg
  • har fått opphaldsløyve fordi du skal drive næring i Noreg
  • har fått opphaldsløyve fordi du er familie med ein som jobbar eller driv næring i Noreg.

Det er mogeleg å søkje om fritak frå plikta til opplæring. Kva som kan gi fritak, finn ein i dei to skjema under.

Søknad om fritak frå plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, jamfør integreringslova. (PDF, 75 kB)

Søknad om fritak frå plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, før 01.01.21. (PDF, 77 kB)

Korleis kan du søkje på tenesta?

Fyll ut skjema under, og lever eller send dette til Vik kommune, pb 134, 6891 Vik i Sogn.

Oppmeldingsskjema til norskprøve og prøve i samfunnskunnskap (PDF, 343 kB)

Krav om opplæring i norsk og samfunnskunnskap (DOCX, 322 kB)

Innmeldingsskjema - Norskkurs (PDF, 365 kB)

Kva kostar det?

Kommunen kan ta betaling for dei som er i Noreg som arbeidsinnvandrarar eller i familie med desse.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. Sjølv om det finst ein individuell rett til opplæring, må kommunen få rimeleg tid til å planleggje tilbodet. Dette inneber at du må akseptere at det kan ta ei viss tid før opplæringstilbodet blir etablert.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Du kan klage på vedtak om

  • løyving av eller avslag på deltaking
  • vesentlege endringar i opplæringsplanen
  • at opplæringa blir stansa
  • godkjenning av permisjon
  • søknad om fritak.

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Vik kommune

Pb 134

6891 Vik i Sogn

Sentralbord Vik kommune 57 69 82 00

 

Aktuelle lenker og dokument