Statnett søkjer om å byggje ein ny 420 kV kraftleidning frå Ramnaberg til nye Vik transformatorstasjon i Ovrisdalen.
Sygnir søkjer i hovudsak om å overta og byggje om Statnett sin eksisterande 300 kV kraftleidning til 132 kV på strekninga frå Dagshovden til Hove, overta og byggje om Statnett sin transformatorstasjon på Hove til 132 kV, etablere ein 132 kV kraftleidning frå Hove til Refsdal og ny Refsdal transformatorstasjon.
Statkraft søkjer om endra tilknyting til kraftnettet for Hove, Refsdal og Målset kraftverk.
NVE held folkemøte 3.12. kl 19
NVE held offentleg møte om konsesjonssøknadane onsdag 3. desember 2025 kl. 19.00. Møtet finn stad på Blix hotell i Sentrumsgata 44. NVE vil orientere om handsaminga av søknadane. Statnett, Sygnir og Statkraft vil vere til stades og orientere om planane. Møtet er ope for alle.
Høyring av konsesjonssøknader
Gjennom høyring av konsesjonssøknaden ynskjer NVE å få høyringsinstansane sine synspunkt på planane og forslag til tiltak som kan redusere negative verknader.
På NVE sine nettsider er det meir informasjon om dei fire søknadane, og det er også her ein kan sende høyringsinnspel elektronisk og lese om andre måter å gje høyringsinnspel på.
På sidene finn ein også alle dokument i sakene, inkludert høyringsbrevet. I høyringsbrevet er det korte samandrag av alle søknadar, pluss kart.
Høyringsfristen er 7.1.2026.
Lenkjer til søknadane på NVE sine sider:
Søknadane vil frå veke 47 også vere tilgjengelege for gjennomlesing på papir, i resepsjonen på kommunehuset.
Er det noko du lurer på om prosessen, kan du ta kontakt med sakshandsamaren for kommunen sitt høyringsinnspel, som er Karen Weichert, tel. 41442726.