Sommarles 2023

Bli med på den kulaste lesekampanjen i sommar!  Alle elevar i 1. til 7. klasse i Vik kommune får med seg info om sommarles heim.

Sommarlekampanjen

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar lesne side. Var du med på sommarles i fjor, kan du bruke same profil (brukarnamn og passord) som i fjor.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og ein får løyse oppgåver knytte til forteljinga. 
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar som kan hentast på biblioteket! 
  • Du kan følgje med på kva vennene dine les i sommar.
  • Sommarles er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og firmaet Snuti AS. 
  • Sommarles varer frå 1. juni til 31. august
  • Me avsluttar sommarles med stor sommarles-fest i Blixhalli onsdag, 6. september kl. 1830. I år får me besøk av Askeladden friteater. Det vil også verte trekning av mange flotte premiar. 
  • Les bøker, få kule premiar, løys oppgåvar og les sommarlesforteljinga til Mari Moen Holsve!

For sommarlesforteljinga treng du kodeord:

  • Kodeord for kapittel 1: REISEROMMET
  • Kodeord for kapittel 2: BIBLIOTEKHJARTET
  • Kodeord for kapittel 3: GUDEKONGE
  • Kodeord for kapittel 4: BIFROST
  • Kodeord for kapittel 5: PANGOLIN
  • Kodeord for kapittel 6: T-REX
  • Kodeord for kapittel 7: EINHYRNING
  • Kodeord for kapittel 8: JORDSKORPE
  • Kodeord for kapittel 9: NARKVAL
  • Kodeord for kapittel 10: KVALHAI
  • Kodeord for kapittel 11: LÅNEKORT
  • Kodeord for kapittel 12: FIKENTRE

Kven kan delta

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta (inkl. dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).

Korleis kan du lage ein profil på sommarles?

Sommarles finn du på sommarles.no Lag din eigen profil(eller bruk same profil som i fjor) og les så mykje du orkar i løpet av sommarferien (når du opprettar profilen din, må du oppgi lånenummer null). 

Treng du hjelp eller meir informasjon, ta kontakt med biblioteket ditt!

GOD SOMMAR MED SOMMARLES 2023!