Her kan du lesa kortfatta informasjon om korleis du kjem i gang med å registrera laget ditt, og med å publisera arrangement.
Registrering av lag eller organisasjon
Me vidarefører eit oversyn over lag og organisasjonar i kommunen på den nye nettsida. Lag og organisasjonar kan sjølv opprette ansvarleg brukar og registrere laget/organisasjonen sin sjølv. Dette gjer du slik:
- Opprett ny brukar og registrer laget ditt ved å følgje denne lenka.
- Når me har godkjent brukaren din og laget/organisasjonen, kan du logge på tenesta.
- Dersom du treng hjelp, eller har spørsmål, kan du kontakte oss på publisering@vik.kommune.no eller på telefon 57 69 82 00.
Pålogging, endring og registrering av arrangement
Publisert 07.02.2022 15:34
Sist endra 09.05.2022 13:44