Flatbygdi skule

Flatbygdi skule er plassert sentralt i bygda, like ved Rv 13, ca 1 km sør for Vik sentrum.

Bygningsmessig spenner skulen over ein tidsepoke på 60 år, der midtbygget er eldste delen, ungdomsskulebygget med ein typisk 60-talsbygning, barneskulen frå 70-åra, idrettshallen "Blixhalli" i frå 1999, og bassenget som vart nyrenovert i 2005.

Skulen har òg ballbinge og bibliotek. 

Skulen har eit nært samarbeid med Vik kulturskule innafor ein del av musikkundervisninga. Rektor er ansvarleg både for skule, leksehjelp og skulefritidsordning (SFO). SFO har også eigen dagleg leiar.

Flatbygdi skule
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 48 25 51 68
Gateadresse Skulevegen 12, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Undervisningstid Måndag - fredag: 08:30 - 14:00
E-post postmottak@vik.kommune.no