Valstyret

Valstyret har det overordna ansvaret for formell og praktisk gjennomføring av stortingsval, sametingsval og kommunestyre- og fylkestingsval.

Valstyret skal sjå til at valoppgjeret får føre seg på rett måte, og behandle eventuelle klager på gjennomføring av valet.

Etter vallova skal det i kvar kommune vere eit valstyre der representantar vert valde av kommunestyret.

Møter

Møta i valstyret er opne for publikum. Skal valstyret behandla saker som er unnateke offentlegheit vert møtet lukka.

Her finn ein oversikt over møte og sakspapir i valstyret

Medlemmer

Valstyret i Vik har 5 medlemmer der ordførar er leiar.

Oversikt over medlemmer i valstyret