Skal ein fremje forslag, skal dette alltid leggast inn i møteportalen i aktuell sak/møte. Hugs at eit forslag ikkje er fremja sjølv om det er skriven inn i møteportalen. Forslaget må også fremjast munnleg i møtet.
Generelt om forslag
- Overskrifta skal vere endringsforslag,tilleggsforslag,utsetjingsforslag
- Teksten skal kunna nyttast ordrett:
- Må vere tydeleg og ikkje skape rom for misforståingar
- Må ha heile setningar og ingen ordforkortingar
- Ikkje bruk metaforar og liknande
- Skal ikkje innehalde grunngjeving eller meiningsutveksling, det kan skje munnleg når forslaget vert lagt fram.
Publisert 18.08.2025 14:29
Sist endra 18.08.2025 14:29