Godtgjersle til folkevalde

Forskrifta skal sikre folkevalde godtgjersle for arbeidsinnsatsen, erstatning for tap av arbeidsinntekt, samt kompensasjon for utgifter knytt til tillitsvervet. Forskrifta regulerer også rett til ettergodtgjersle og rett til permisjon for folkevalde som har vervet som si hovudverksemd.

Forskrift

På lovdata.no finn du forskrift om folkevalde si rett til godtgjersle og velferdsgoder, Vik kommune

Satsar godtgjersle til folkevalde

Satsane for godtgjersle til folkevalde vert regulert av forskrifta over (vedteke av kommunestyret) og av stortingsgodtgjersla. Satsar blir endra pr. 1.mai kvart år.

Folkevalde som er sjølvstendig næringsdrivande

Sjå forskrift om folkevalde si rett til godtgjersle og velferdsgoder §3, 4 ledd - utmåling av utgifter og økonomisk tap.

Kontaktinformasjon

Har de spørsmål ta kontakt med lønn og personalavdeling, e-post: lonn@vik.kommune.no