Møteplikt og forfall

Som folkevald har du møteplikt i dei kommunale organa du er vald inn i med mindre du har gyldig forfallsgrunn eller er ugild i ei sak, jf. kommunelova § 8-1. Vi ber dei folkevalde, både faste medlemmar og vara, om å halde dei oppsette møtedagane ledige.

Korleis melde forfall?

Forfall med forfallsgrunn skal meldast så raskt som mogeleg, helst direkte i møteportalen, eller på e-post/telefon til møtesekretær. 

Sekretariatet kaller inn vara

Politisk sekretariat kallar inn vararepresentantar i ei fast rekkefølgje fastsett av valresultatet. Dette gjeld og ved forfall forårsaka av ugildskap i ei eller fleire saker.

Møteplikt

Den som er vald som medlem av eit folkevald organ, pliktar å delta i organet sine møte, med mindre han/ho har lovleg forfall.

Gyldig forfall

Gyldig forfall skal kunne bli innfridd med eit visst rimeleg skjønn, men kriteria for gyldig forfall er strenge. Døme på gyldig forfall er ferie, sjukdom, vektige velferdsgrunnar, eller svært viktige gjeremål, som ikkje kan utsetjast.

Rett til fri frå arbeid

Arbeidstakarar har krav på fri frå arbeid når det er naudsynt på grunn av møteplikt i kommunale folkevalde organ, jf. kommunelova § 8-2