Vurdering av gildskap

Å vere ugild i ei sak kan alle oppleve frå tid til annan, og det er viktig at reglane om gildskap er kjend for dei folkevalde. Her finn du sjekkliste til folkevalde.

Kva er gildskap

Som folkevald vil du kunne kome i ein posisjon kor det kan stillast spørsmål om du er ugild til å vere med på å fatte vedtak i ei sak som er til behandling. At ein er ugild inneber at det ligg føre omstende som er eigna til å svekke tilliten til om du kan vera part i ei sak, og det handlar om kva for personleg posisjon ein har i ei sak. 

Reglar om gildskap

Føremålet med reglane om gildskap er å sikre korrekte avgjerd, oppretthalde tilliten til dei som fattar avgjerdene, og beskytte avgjerdstakarane mot at det sås tvil om deira truverd. 

Alle folkevalde skal sjølv vurdere sin gildskap til å behandle og treffe avgjersle i ei sak. Folkevalde skal i god tid seie i frå til utvalsleiar om forhold som gjer at han/ho kan vere ugild. Varamedlem eller annan stadfortredar bør bli kalla inn til møte og delta ved avgjersla dersom det kan bli gjort utan vesentleg tidsbruk eller kostnad. Du kan ikkje som folkevalde sjølv delta i røysting over spørsmål om gildskap.

Vurdering av ugildskap etter forvaltningslova §6, 1. ledd

Forvaltningslova § 6 første ledd bokstav a til e lister opp ei rekke tilknytingsformer som automatisk medfører ugildskap. 

  • Er du sjølv part i saka? 
  • Er du i slekt eller svogerskap med ein part i opp- eller nedstigande line, eller i sideline så nær som søsken?
  • Er du, eller har du vore gift med eller forlova med ein part i saka?
  • Er du, eller har du vore fosterforelder eller verje til en part i saka?
  • Er du leiar eller har leiande stilling, eller er medlem av styret eller bedriftsforsamling for:
  1. eit samvirkeføretak, foreining, sparebank eller stiftelse, eller
  2. eit selskap som er part i saka? 

Viss tilfellet ditt er vanskeleg og du ønskjer ei vurdering ber vi deg bruke skjemaet under. Dette for å sikre at vi får informasjonen vi treng for å gjere vurderinga. Send inn skjema i god tid før møtet. 

Skjema for vurdering av habilitet

Lover og reglar