Kriseteamet er eit kommunalt tverrfagleg team som yter psykososial førstehjelp, omsorg og støtte ved kriser, ulukker og katastrofar.
Med krise eller krisesituasjon meiner vi dramatiske og mogleg traumatiserande hendingar som kan svekkje evna til å fungere i kvardagen.
Den beste hjelpa finst ofte i nærmiljøet – hjå familie, vener, kollegaer og naboar. Det psykososiale kriseteamet er eit supplement i akuttfasen når det vanlege nettverket ikkje er tilstrekkeleg.
Når kan kriseteamet bli kalla ut?
Kriseteamet kan bli aktivert ved blant anna:
- Alvorlege ulukker med stort omfang eller tap av liv
- Sjølvmord
- Bråe,uventa dødsfall
- Naturkatastrofar
- Terrorhendingar eller andre større hendingar som råkar mange
Kva kan kriseteamet bidra med?
Kriseteamet har som oppgåve å sikre og organisere støtte til personar som har opplevd kriser og ulukker. Teamet gir psykososial førstehjelp, vurderer hjelpebehov og koordinerer tenester vidare til fastlege eller andre delar av kommunen sitt tenesteapparat ut frå behov.
Målet er å førebyggje eller redusere psykiske helseplager som kan oppstå i etterkant av dramatiske hendingar.
Fagleg samansetning
Det psykososiale kriseteamet er tverrfagleg samansett for å kunne møte ulike behov i ein krisesituasjon. I Vik kommune består teamet til vanleg av representantar frå helse- og omsorgstenester, psykisk helseteneste, barnevern og kommuneoverlege.
Samansetninga kan variere etter type hending og tilgjengeleg fagpersonell.
Kven kan aktivere psykososialt kriseteam?
Aktivering av kriseteamet kan skje via:
- AMK-sentralen
- Legevakta
- Politiet
- Brannvesenet
- Kommunen si kriseleiing
- Andre som kjenner til ei alvorleg hending der det bør vurderast behov for kriseteamet
Kontaktinformasjon
Ved behov for psykososial støtte, ta kontakt med legevakta på telefon 116 117.
- Legevakta tek imot førespurnader frå publikum og nødetatane ved alvorlege hendingar.
- Legevakta vurderer behovet for å aktivere psykososialt kriseteam og gir eventuelt beskjed vidare.
- Kriseteamet tek deretter kontakt med dei det gjeld.
Publisert 13.05.2025 08:33
Sist endra 13.05.2025 08:33