Lærarstilling vaksenopplæringa i Vik kommune – fast

Me har ledig 50 % fast lærarstilling, med søknadsfrist 01.11.24.
 

Om Vik kommune

Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr. 

Kvalifikasjonskrav

Høgskuleutdanning som almennlærar /grunnskulelærar/faglærar.

Personlege eigenskapar

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
  • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Den som vert tilsett må levera politiattest av ny dato.

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Vik kommune sitt sentralbord på tlf. 57 69 82 00.

Søk på stillinga her


Søknadsfrist    01.11.2024    


Kontaktperson

Britt-Marit Stadheim, kommunalsjef oppvekst, mobil: 47615488, britt-marit.stadheim@vik.kommune.no
 

Artikkelliste