Frå 11. august til og med 5. september er det mogleg å førehandsrøyste til Stortings- og sametingsvalet 2025.
Røystinga går føre seg på Vik kommunehus alle kvardagar innanfor våre opningstider 10:00 - 14:00. I tillegg har me opent for førehandsrøysting laurdag 30. august i tida 10:00-13:00. Du kan fritt bestemme om du ynskjer å førehandsrøysta eller røysta på valdagen. Har du gjeve ei førehandsrøyst er det denne som gjeld, du kan ikkje røysta på nytt.
Legitimasjonsplikt
Du må ha med legitimasjon når du skal røysta. Legitimasjon kan til dømes vera pass, førarkort eller bankkort med bilete.
Les meir om tid og stad for førehandsrøysting til stortings- og sametingsvalet 2025 her.
Publisert 10.03.2023 14:45
Sist endra 11.07.2025 12:34