Tidlegrøysting

​Dersom du ikkje har høve til å røyste i førehandsrøysteperioden, eller på sjølve valdagen, kan du avtale tid for tidlegrøysting i perioden frå tysdag 1. juli til og med fredag 8. august. 

Slik avtalar du tid for å røyste

I Vik kommune kan du tidlegrøyste etter avtale på Vik kommunehus på kvardagar i perioden frå 1. juli t.o.m. 8.august.

For å avtale tidlegrøysting kan du ta kontakt med Vik kommune:

 

Meir informasjon om tidlegrøysting

Hugs gyldig legitimasjon! 
Du må ha med legitimasjon når du skal røyste. Møter du opp i vallokalet uten legitimasjon og du er ukjent for røystemottakar, får du ikkje røyste. Legitimasjon kan vere pass, nasjonalt ID-kort, førarkort (også digitalt) eller bankkort med bilde. 

Før valdagen kan du røyste i kva som helst kommune i landet. På valdagen må du røyste i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni 2025. Du kan berre røyste ein gong. 

Meir informasjon om stortings- og sametingsvalet 2025 finn du på denne lenkja.