Barnevern

Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der ein treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei blir tekne godt vare på. Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.

Meir om tenesta

Hjelpetiltak er som oftast heilt frivillig og er noko som kan bli ein positiv forandring for barnet og familien. Slike hjelpetiltak kan vere rettleiing, støttekontakt, avlasting for foreldre, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak. Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Ein legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Foreldre, vener, naboar, barnehage/skule, helsestasjon, osb. som ser at eit barn treng eit hjelpetiltak, kan melde frå til barnevernstenesta. Barneverntenesta har plikt til å følgje opp ei melding eller eit spørsmål frå foreldre som treng hjelp. Barnet skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon og har rett til fritt å gi uttrykk for synspunkta sine.

Kven kan få tenesta?

Born under 18 år. Når barnet samtykkjer, kan tiltak førast vidare til ungdommen har fylt 25 år.

Korleis kan du søkje på tenesta?

Du kan melde frå til barnevernstenesta skriftleg eller munnleg, over telefon eller ved personleg oppmøte. Meldinga di kan òg vere anonym. Ved skriftleg melding skal ein nytte skjema, som kan leverast til barneverntenesta eller sendast pr. post. Bekymringsmelding til barneverntenesta finn du her. (PDF, 356 kB)

Kva kostar det?

Tenesta frå barnevernet er gratis.

Vilkår for å få tenesta

Barnet må ha vanleg bustad i Noreg og bu her. Hjelpetiltak er også for barn som oppheld seg i Noreg, og som er flyktningar eller er internasjonalt fordrivne, eller når den vanlege bustaden til barnet ikkje lèt seg fastsetje. Denne tenesta er pålagt ved lov. Lov om barnevern

Sakshandsaming

Barnevernstenesta skal skaffe seg dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka, og kan velje å engasjere en sakkyndig person til å greie ut meir om saka. I så fall skal rapporten frå den sakkyndige sendast til Barnesakkyndig kommisjon til vurdering. Kommisjonen si vurdering av rapporten skal vere levert til barnevernstenesta før det blir gjort viktige avgjerder i saka.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om barnet/familien har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Barnevern vakt-telefon utanom opningstid: 40 02 29 88

Alarmtelefonen for barn og unge –  open heile døgnet
Dersom du er barn eller ungdom og treng nokon å snakke med, kan du også ta kontakt med alarmtelefonen. Alarmtelefonen er no opne kvar dag heile døgnet. Der kan du få snakke med profesjonelle om ting du bekymrar deg for. Du kan lese meir om dette på nettsida til alarmtelefonen
Alarmtelefonen for barn og unge når du på telefon: 116 111 
sms til 41 71  61 11 
E-post: alarm@116111.no

Aktuelle lenker og dokument

Barnevernloven

Bekymringsmelding til barneverntenesta (PDF, 356 kB)