Besøksheim

Å vere besøksheim inneber at du tek imot born eller ungdom éin eller fleire helgar per månad. Det er viktig at du er ein trygg og stabil vaksen som har husrom og hjarterom. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar som har eit særleg behov. Han skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.

Kven kan vere besøksheim?

Kommunen vil som oftast avertere etter besøksheim når det er behov. Du kan òg vende deg til kommunen på eige initiativ. Einslege, par og barnefamiliar kan vere besøksheim.

Det blir ikkje stilt krav om formell utdanning for å vere besøksheim. Det blir lagt størst vekt på kor eigna du er som person. Du kan gjerne ha eigne born. For å bli godkjend, må du leggje fram tilfredsstillande politiattest. Ein kan krevje politiattest også frå andre som bur eller oppheld seg i heimen.

Sjå spesielt barnevernloven § 4-4 - hjelpetiltak for barn og barnefamilier 

Korleis kan du søkje på tenesta?

Ta kontakt med barnevernstenesta i Vik kommune.

Kontaktinformasjon

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Aktuelle lenker og dokument

Barnevernloven