Fosterheim

Har du eller de lyst til å vere fosterforeldre og evnar å gi born ein trygg og god heim? Ein fosterheim tek imot born når barnevernstenesta har avgjort at ein skal setje i gang eit hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. Kommunen har ansvaret for å godkjenne og føre tilsyn med heimen. Du vil få den nødvendige opplæring

Meir om tenesta

Fosterforeldra skal vurderast nøye opp mot det individuelle behovet som fosterbarnet har. Dei viktigaste krava til deg er at du er i ein stabil livssituasjon og har eit sosialt nettverk -  uansett om du er sambuar, einsleg eller gift.

Barneverntenesta skal alltid vurdere om nokre i barnet sin familie eller nære nettverk kan veljast som fosterheim.

For å bli godkjend, må du leggje fram tilfredsstillande politiattest. Det kan krevjast politiattest også frå andre som bur i fosterheimen.

Kontaktinformasjon

Vik kommune v/ barneverntenesta

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Aktuelle lenker og dokument

Les meir om fosterheim på Bufdir sine nettsider.