Handlingsplan for trygt og godt barnehagemiljø

Barnehagen skal møta borna med tillit og respekt, og anerkjenna barndommen sin eigenverdi. Barnehagen skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og vera ein utfordrande og trygg stad for vennskap og fellesskap.

Vik kommune har handlingsplan for trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Sjå planen her. (DOCX, 441 kB)

Tilsynsmynde

Det er Vik kommune sitt ansvar å gje rettleiing og sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverk, og føra tilsyn med verksemda etter barnehagelova. Tilsynet kan vera både varsla på førehand og uanmeldt. Korleis går du fram dersom du ikkje er nøgd med barnehagetilbodet i din barnehage? Barnehagemyndet skal sjå til at både dei kommunale og private barnehagane vert drivne i samsvar med barnehagelova med forskrifter. Er du bekymra for barnehagetilbodet til barnet ditt? Barnehagelova gjev borna rett til eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Er du bekymra over at barnet ditt ikkje har det trygt og godt i barnehagen, oppmodar me deg til å snakka med barnehagen fyrst, før du går vidare til et høgare nivå.
 

Slik går du fram

Kontakt barnehagen fyrst. Dersom du ynskjer å klaga, eller senda ei bekymring over barnehagen sitt pedagogiske tilbod eller tilbodet knytt til barnet sin trivsel, bør du fyrst kontakta styrar eller pedagogisk leiar på avdelinga, i barnehagen. Då får barnehagen høve til å løysa saka på lågast mogleg nivå. Slike høve vert regulert av barnehagelova med forskrifter.  Dersom du ikkje opplever å verta høyrd når du kontaktar styrar eller pedagogisk leiar, må du ta kontakt med eigar av barnehagen, Vik kommune. 
 

Dersom du opplever å ikkje vert møtt med klagen din eller bekymringa di, verken i frå styrar, pedagogisk leiar eller av eigar av barnehagen, kan du senda ei skriftleg klage til barnehagemynde og tilsynsmynde. Fyll ut skjema på denne lenkja,  eller send brev til Vik kommune v/ kommunalsjef oppvekst. 
 

Skilje mellom barnehagemynde og barnehageeigar

Barnehagelova § 11 seier at kommunen skal organisera oppgåvene dei har som barnehagemynde skilt frå oppgåvene dei har som eigar, når dette er eigna til å ivareta tilliten til kommunen sin upartiskheit som barnehagemynde.  Vik kommune er i ferd med å få på plass eit skilje mellom barnehagmynde og barnehageeigar. Me ser føre oss å løysa dette gjennom interkommunalt samarbeid. Fram til at dette skiljet er på plass, kan ein kontakta kommunalsjef Britt Marit Stadheim for både eigar og mynde.

Verkemidla våre 


Rettleiing(barnehagelova § 10) Kommunen skal gjennom aktiv rettleiing, godkjenning og tilsyn sjå til at barnehagane i kommunen vert drive i samsvar med lovverket. Rettleiing tyder at barnehagemynde aktivt gjev informasjon til barnehageeigar om eigarplikter i barnehagelova med føreskrifter. Om samfunnskrav og forventningar til verdigrunnlag, rammevilkår, arbeidsmåtar og innhald som ligg i regelverket.

Tilsyn (barnehagelova §53)

Risikovurderingar vil vere avgjerande for kva for tema vi skal føre tilsyn med, kva for barnehagar som blir valt ut, og kva for metode som er det mest føremålstenleg. Tilsynet skal fungere både som kontroll av barnehagen sin
praksis av regelverket, og det skal medverke til kvalitetsutvikling.

Plan for systematisk tilsyn i barnehagane

Årsmelding - I desember kvart år, rapporterer eigar av barnehagen om barnehagane til statistisk sentralbyrå ( SSB). Rapporteringa gjev tilsynsmyndet grunnlag for å vurdera om barnehagane oppfyller krav i tråd med lov og forskrifter. Plan for tilsyn med barnehagane i Vik kommune 2024-2028 finn du på denne lenkja. (DOCX, 97 kB)

Klage på psykososialt barnehagemiljø - skjema finn du her.