Utsett for vald eller overgrepLytt til tekstenStopp avspillingVald og overgrep kan vere fysiske handlingar som å slå, eller sparke, eller psykisk vald som truslar, degradering, kontrollering og audmjuking. Det kan også vere seksuelle overgrep, som valdtekt, incest eller uønska beføling. Andre former for vald og overgrep er handlingar som skremmer eller sårar, som øydelegging av gjenstandar av verdi, økonomisk utnytting av andre menneske, eller å hindre dei i å rå over eigen økonomi.Alle former for vald og overgrep er ulovlege. Blir du, eller nokon du kjenner, utsett for vald, eller overgrep bør du oppsøke hjelp.Ta straks kontakt med legevakt tlf 116/117 for medisinsk hjelp og rådgiving viss du nyleg har blitt utsett for valdtekt, eller eit anna seksuelt overgrep. Legen vill hjelpe deg og setja deg i kontakt med overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane som ligg i Førde. Dei vil m.a hjelpe deg å sikre spor i tilfelle du melder overgrepet til politiet. Tilbodet er gratis. Du får hjelp uansett om du ønsker å politimelde overgrepet eller ikkje.Helsestasjon for ungdom kan hjelpe deg dersom: du har blitt utsett for seksuelle overgrep eller valdtekt du opplever mas og press på å sende nakenbilete eller opplever at nokon har delt nakenbilete av deg du har opplevd noko ubehageleg på nett eller er bekymra for nokon andre.Du finn meir informasjon og fleire hjelpetenester på Helsenorge.noKontaktinformasjon HelsestasjonInformasjonKontaktopplysningarLeiar koodinerande einingFrøydis HagaE-postfroydis.haga@vik.kommune.noTelefon576 98 715/481 10 399OpningstidMåndag - torsdag, kl. 08.00 - 15.30BesøksadresseFlatbygdi 19, Rehabavdeling, 6893 Vik i SognPostadresseVik kommune, Koordinerande eining, Rehabavdeling, boks 134, 6891 Vik i Sogn Publisert 09.09.2022 13:17 Sist endra 20.08.2026 13:08