Her finn du informasjon om vaksinar utanom barnevaksinasjonsprogrammet.
- Pneumokokkvaksine til vaksne, influensavaksine og vaksine mot skogflåttencefalitt må du i dei fleste tilfelle betale for.
- Influensavaksine og pneumokokkvaksine kan du få hjå fastlegen eller hjå helsestasjonen .
- Elevar i 2. klasse på vidaregåande skule får tilbod om gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse på skulestaden. Frå 2017 dekka Vik kommune kostnaden for vaksina ( kommunestyrevedtak ). Frå 2021 har kostnaden for vaksina vore delt mellom vertskommunen ( Sogndal kommune, Voss kommune) og Vestland fylkeskommune.
Vaksine mot sesonginfluensa er ulik frå år til år, avhengig av kva type virus som er forventa å ramme hardast. Vaksine mot sesonginfluensa er normalt tilgjengeleg på hausten. Følg med i lokale media for annonsering av influensavaksine, eller spør hos fastlegen din.
I enkelte yrke kan det også vere aktuelt med yrkesvaksinasjon på grunn av smittefare i samband med jobb. Dette vil som oftast dekkast av din arbeidsgivar.
For andre vaksinar, ta kontakt med fastlegen din, eller helsestasjonen for meir informasjon, eller for å bestille time.
Kontaktinformasjon
Publisert 13.09.2022 10:47
Sist endra 27.08.2026 09:09