Transportteneste for menneske med nedsett funksjonsevne
Har du nedsett funksjonsevne og treng dør-til-dør-transport for å delta i aktivitetar på lik line med alle andre, kan du søkje om TT-kort. Kortet dekkjer ei viss mengd reiser og du betalar ein eigendel for kvar tur. TT-ordninga skal brukast til lokale fritidsreiser, og ikkje til sjuketransport, legebesøk eller andre reiser som blir dekte av folketrygda.
Publisert 22.10.2021 14:08
Sist endra 09.07.2025 13:53