Frivilligsentral

Frivilligsentralen skal bidra til å styrka den frivillige innsatsen i kommunen og vera ein tilretteleggjar for frivillige, lag og organisasjonar som skaper aktivitet og møteplassar i lokalmiljøet.

Meir om tenesta

Sentralen held til på Vikjatunet, og inneheld bruktbutikk, BUA og eit møterom som kan nyttast av frivillige, lag og organisasjonar.

Bruktbutikk/møteplass

Føremålet med bruktbutikken er å fremja gjenbruk og frivilleg arbeid, tilby arbeidspraksis og språkpraksis, samt vera ein sosial møteplass.

Opningstider: Tysdag: 10.00-15.00, torsdag: 10.00-18.00 og fredag 10.00-15.00. 

BUA Vik

BUA Vik er medlem av eit nettverk av utlånssentralar som låner ut utstyr til aktivitetar og friluftsliv – heilt gratis. BUA gjer det enkelt å vera i aktivitet, utan å måtte kjøpa eige utstyr. 

Du kan opprette profil på bua.no og reservere utstyr. Barn og unge under 18 år må låna via foreldre/føresette. Dersom du har spørsmål om BUA-ordninga kan du kontakta Håvard Tveite på tlf. 404 75 603.  

BUA Vik er også ein møteplass for barn og unge, der dei kan opphalda seg i opningstida. Her er det høve til å spela biljard, dart og brettspel. 

Opningstidene for BUA er: torsdag 14.00-18.00 og fredag 10.00-15.00. 

Møterom

Møterommet er utstyrt med møtebord for 8-10 personar, samt stor møteromsskjerm. Ein kan gjera seg nytte av kjøleskåp, kaffetraktar, vannkokar, koppar og fat. Det er også ein liten sofakrok. Frivillige, lag og organisasjonar kan tinga rommet hjå dagleg leiar og tilbodet er gratis. 


Frivilleg arbeid

Å vera frivillig betyr at ein gjer ein innsats utan å få betalt. Å vera frivillig betyr å gjera noko for andre, å gjera noko for samfunnet eller rett og slett fordi det gir glede! Frivilligsentralen har avtale med fleire frivillige, som yter hjelp til eldre i heimen. Det kan t.d. dreia seg om hjelp til hagearbeid, til innkjøp og som besøksvenn. Nokre av dei frivillige bidreg hovudsakeleg i bruktbutikken. Dersom du ynskjer å bli frivilleg hjå oss, er du velkommen til å kontakta dagleg leiar. 

Kontaktinformasjon

Vik frivilligsentral
InformasjonKontaktopplysningarTelefonE-post
Dagleg leiarRanveig Turvoll900 48 351ranveig.turvoll@vik.kommune.no
Medarbeidar BUA VikHåvard Tveite404 75 603havard.tveite@vik.kommune.no

Aktuelle lenker og dokument

Norges frivilligsentraler