Status koronaviruset

Her kan du lesa siste nytt om koronasituasjonen i Vik kommune:

Smitte Testing Tiltak Vaksine Anna Other languages

Turstiar

Vik kommune gav i 2016, i samarbeid med Vik turlag, ut turkart for Vik kommune i målestokk 1:50.000. Her er det teikna inn og skildra 35 turar i Vik kommune.

Turane er graderte (frå enkel til krevjande), og ruteskildringane er på norsk, engelsk og tysk. Fleire av rutene er skilta etter nasjonal standard. Det finst dessutan informasjon om overnattingshytter på fjellet. Kartet blir revidert med jamne mellomrom og kan kjøpast på turistinformasjonen, på bokhandelen og på matbutikkane i grendene.

Vik kommune jobbar for tida med sti- og løypeplan. Målet med planen er å identifisere, ivareta og utvikle utvalde turstiar i kommunen for å sikre eit attraktivt tilbod til innbyggarane med tanke på folkehelse, livskvalitet, bulyst og reiseliv.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Til toppen