Vik lokalhistorisk arkiv - VLA

Arkivet tek imot og oppbevarar privatarkiv og kommunearkivet (depot) for Vik kommune. 

Arkivet held til i godkjende lokale i kjellaren på Vik bygde- og sjukeheim, inngang ved vaskeriet.

Meir om tenesta

Det vert oppbevart viktig kjeldemateriale som er sikra mot brann, fukt, tjuveri, hærverk og uheimla innsyn. VLA tilfredstiller alle krav til ein arkivbygning. Alle som arbeider i arkivet har teieplikt, og har skrive under på teiepliktserklæring. På arkivet er det lesesal der publikum kan nytta lokalhistorisk materiale. Ta kontakt med arkivet. Arkivet skal samla, ordna og registera, oppbevara og gjera tilgjengeleg lokalhistorisk kjeldetilfang.

Privatarkiv

Omfattar lagsarkiv, personalarkiv og næringsarkiv. Det er registrert 344 (mars 2022) privatarkiv ved VLA. Desse er oppbevarte ved VLA, på Fylkesarkivet eller hjå private (ikkje avlevert).

Kommunearkiv

Det kommunale arkivet til Vik kommune frå 1837 til 2004 skal overførast til nytt depot hjå Fylkesarkivet i Vestland. Det nye arkivdepotet står ferdig i 2024, og overføring av formannskapsarkivet frå VLA til Fylkesarkivet vil skje i tida etter det. Fylkesarkivet tek vare på, registrerer og gjer arkivmaterialet til Vik kommune tilgjengeleg. Privatarkiva våre blir verande på Vik lokalhistoriske arkiv. 

Statleg arkivmateriale

VLA arbeidde med å byggja opp ei samling av fotostatkopiertkopiert kjeldemateriale frå statsarkivet i Bergen og Riksarkivet. Arkivet har kopiar av kyrkjebøker, folkeforteljingar, matriklar, branntakstprotokollar, skifteregister, panteregister og ein del anna. Her er og mikrofilmar av kyrkjebøker og folketeljingar, og slektsopplysningar er dataregistert. VLA har innbunde kopiar av kyrkjebøkene for Vik og Arnafjorden fram til 1940.

Foto

Det er samla inn ca 6500 bilete som er tilgjengelege på fotokort, og stordelen av desse er og tilgjengelege på internett. Ein kan tinga kopi av desse bileta. Fotoarkivet fylgjer NKKM (Norsk kunst- og kulturhistoriske museer) sine rettleiande prisar. VLA har og cd`ar med foto nytta i Pridlao etter år 2000.

Stadnamn

Det er samla inn 12000 stadnamn i Vik. Desse er kartfesta og lydbandfesta. Katalog over desse vart utgjeve i 2003.

Munnleg materiale

Det er tradisjon og livsminne som er skrivne ned eller tekne opp på kassett/lydband. Arkivet har nokre få kassettopptak. Nedskrivne livsminne har arkivet 10-15 av, og fleire av desse har vorte trykte i deler av "Pridlao".

Musikk

Det finst lydbandopptak med ulike utøvarar frå Vik kommune. Dette materialet er oppbevart ved Fylketsarkivet si musikkavdeling i Førde.

Utvandring

I boki "ein stad skal ein vera" av Rasmus Sunde er det register over 3532 personar som utvandra frå Vik, Arnafjorden, Kvamsøy og Vangsnes. I ei semesteroppgåve av Bjarne Bjørkevoll er det register over 850 utvandrarar frå Feios og Fresvik. Utvandrarane frå Vik er det laga slektslister for, gjort i USA av Zona Mathison. VLA har kopiar av desse listene. Det er bygt opp ei omfattande edb-basert slektsteneste med informasjon om utvandrarane.

Formidling

VLA er utgjevar av "Pridlao" og andre skrifter. VLA ser på formidling av innsamla materiale som svært viktig, og VLA er utgjevar av bygdebladet "Pridlao" (no Vik Historielag).

Innsamling av stoff og materiale til "Pridlao" og VLA går hand i hand, og fører til at VLA får tak i meir materiale.

VLA gjev og ut andre skrifter med lokalhistoriske tema, og har gjeve ut fleire bøker.

Her kan du finne ei liste på utgjevne lokalhistoriske bøker og hefte med innhald frå Vik kommune (PDF, 423 kB)

Samarbeid med Fylkesarkivet

VLA har nært samarbeid med Fylkesarkivet som har avdelingar på Hermansverk, Førde (musikk) og Sandane (foto). Fylkesarkivet yter fagleg bistand, gjev råd og hjelper til med registrering og arkivering.

Det er Fylkesarkivet si avdeling på Sandane som står for all avfotografering av bilete og leverer kopiar på fotokort til VLA. Ved VLA vert dei prosjekta som Fylkesarkivet står bak utførte, tidlegare Prosjekt Ættesoge og Prosjekt Fotovern, i 1999 Kulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane.

Oppfordringa må bli: ta kontakt om de har noko som bør oppbevarast i arkivet.

Kontaktinformasjon

Vik lokalhistorisk arkiv
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 913 72 908
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Mandag - Fredag: 09.00-16.00
E-post rune.lee@vik.kommune.no