Me må samarbeide for å betre klimaet
På grunn av den store påverknaden som klimaendringane har på kommunen si framtid og for livet til innbyggarane, er medverknad ein nøkkelfaktor i arbeidet med klimaplanen. Det er difor eit mål å inkludere heile lokalsamfunnet gjennom medverknadsprosessen, spesielt barn og unge. I Vik kommune står jordbruket for store delar av dei direkte klimagassutslepp, og høyrer også til sektorane som blir mest påverka av klimaendringane.
Det er difor ekstra viktig å få landbruksnæringa med i prosessen. For å nå flest mogleg innbyggarar er det viktig å samarbeide med lag- og organisasjonar, inkludert ungdomsrådet og eldrerådet. Det er også aktuelt å samarbeide direkte med skulane og barnehagane. Gjennom høyringane vil også andre offentlege instansar, regionale interesseorganisasjonar og privatpersonar kunne gje innspel til planprosessen. I medverknadsprosessen skal det leggjast vekt på dialog og kunnskapsutveksling.
Aktuelle tiltak for å sikre god medverknad:
- «Klimakroken» på Vik bibliotek - vi jobbar med eit informasjonspunkt om klima som skal komme på plass på «bibliotekhemsen» i løpet av april/mai.
- Frukostmøte i samarbeid med Sogn næring og Vik næringssamskipnad
- Klesbytekveld for ungdom
- Prosjekt Open sykkelverkstad i samarbeid med stiftinga KRISTIAN OTTERSKREDS MOTORSAMLING
- Samarbeid med skulane
- Fagkveld: Klimakalkulator for landbruksnæringa
Gjennomførte tiltak:
- Fagkveld: Nyttige klimatiltak i landbruket 4. april 2022
Arrangementet i Kyrkjestova var godt besøkt - Program (PDF, 457 kB)
Faglege innlegg:
Lenkje til videoen om bruk av solenergi på Tistel gard finn du her
Publisert 19.04.2022 14:01
Sist endra 18.07.2024 10:49