Frådeling av landbrukseigendomLytt til tekstenStopp avspillingLandbrukseigendomar ligg vanlegvis innafor område som er sett av til LNF-område (dvs. landbruk, natur og friområde) i kommunane sine arealplanar. Frådeling av areal på landbrukseigedomen din krev delings-løyve etter jordlova og eventuelt etter plan og bygningslova. Det mest vanlege eksempelet er frådeling av tomt til bustadføremål. Ved deling av landbrukseigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom frådelt og oppretta som ein eigen eigedom og tildelt eige matrikkelnummer, dvs. gards/ - og bruksnummer. På denne lenkja til Landbruksdirektoratet finn du meir informasjon om deling av landbrukseigedom. Pris Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 her. Søknad og søknadskjema Søknaden må innehalde kven som søkjer og grunnopplysningar om eigedomen eigedomen sitt totalareal, dvs. fulldyra jord, overflatedyra jord/gjødsla beite, skog og anna areal når eigedomane er med fleire teigar, må det vise kor desse teigane ligg i forhold til kvarandre. Tilstand på husa på eigedomen, og kva type bygg som er der. Plan for området som søknaden gjeld for, dersom søkjar er kjend med dette Føremål med frådelinga Gjeldande rettar på eigedomen, og kva som skal skje med desse rettane. Søknad kan sendast til e-post til Vik kommune eller via brevpost. Sjå kommunen sin kontaktinfo. nedanfor. Søknadskjema for behandling av deling jf. plan & bygningslova: Søknadskjema - søk om tiltak - utan ansvarsrett MinId/BankId Heimel Lov om jord - Jordlova Forskrift om gebyr for behandling av konsesjons- og delingssaker Rundskriv M-2/2021, driveplikt, omdisponering og deling Rundskriv M-35/95- jordlova sine føremål Administrasjonen Informasjon Kontaktopplysningar Telefon 57 69 82 00 Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn Opningstider Måndag - fredag: 08:00 - 15:00 (telefontid 10:00-14:00). Sommarstengt i fellesferien. Organisasjonsnummer 937498764 EHF faktura 0192:937498764 E-post postmottak@vik.kommune.no eDialog Sikker elektronisk post til kommunen Publisert 05.10.2022 12:29 Sist endra 26.10.2023 09:56