Konsesjon og buplikt

Konsesjon er løyve frå konsesjonsmyndigheitene for å erverve ein eigedom. Erverv er eit fellesord for måtar ein kan ta over ein eigedom på som kjøp, arv, gåve, skifte osv. Eksempel på eigedomar som kan kreve konsesjonsbehandling er hus, gard, ubebygd tomt eller andre areal. 

Dei fleste eigedomserverv er likevel konsesjonsfrie ved at det er gjort unntak frå konsesjonsplikta i konsesjonslova.

Slike unntak gjer at ny eigar ikkje treng å søkje om konsesjon og skal fylle ut eigenerklæringsskjema for konsesjonsfriheit.

Søkje om konsesjon eller sende eigenerklæring?
 

Søknadskjema 

Eigenfråsegn om konsesjonsfridom ved tileigning/kjøp av fast eigedom m.v. (PDF, 2 MB)

Send inn søknaden til Vik kommune med din signatur. Postadressa finn du under kontaktopplysningar i tabellen nederst på sida. Søknaden kan og postleggjast i kvit postkasse i resepsjonen i kommunehuset innafor opningstida for kommunehuset.

Konsesjon på eigedomen

Gebyr

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå "Budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 her.

Les meir og evnt. søk om konsesjon hjå Landbruksdirektoratet

Søknadskjema:

Søknad om konsesjon ved overtaking av fast eigedom i papirform LDIR-359 N (pdf) (PDF, 165 kB)

Send inn søknaden til Vik kommune med din signatur. Postadressa finn du under kontaktopplysningar i tabellen nederst på sida.  Søknaden kan og postleggjast i kvit postkasse i resepsjonen i kommunehuset innafor opningstida for kommunehuset.

Buplikt

Å ha buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen. Det kan vera buplikt på landbrukseigedomar og på andre eigedomar. Buplikta kan vera personleg eller upersonleg. Om det er buplikt på ein eigedom vert bestemt av:

  • konsesjonslova direkte
  • forskrift om nedsett konsesjonsgrense (Det er det pr år 2022 ikkje bestemt i Vik kommune)
  • vedtak om konsesjon på eigedomen

Buplikta fylgjer direkte i lova når den som har odel eller er i nær slekt med forrige eigar, overtek ein eigedom med bustadhus og meir enn 35 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog. Buplikt kan og setjast som vilkår i ei konsesjonssak.

Kommunen kan og innføra buplikt for dei som kjøper/arvar heilårsbustader, uavhengig av storleik på eigendommen.

Det er eit politisk mål å ha busetting over heile landet. Buplikta skal vere til hjelp for å sikre slik busetting. Brot på buplikta kan føre til at eigedomen vert tvangseld.

Les meir på lenkja her om buplikt på sidene til Landbruksdirektoratet.
 

 

Administrasjonen
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon 57 69 82 00
Gateadresse Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Postboks 134, 6891 Vik i Sogn
Opningstider Måndag - fredag: 10:00 - 14:00. Stengt i fellesferien og romjula.
Organisasjonsnummer 937498764
EHF faktura 0192:937498764
E-post postmottak@vik.kommune.no
eDialog Sikker elektronisk post til kommunen

Heimel

Konsesjonslova
Forskrift om konsesjonsfridom
Rundskriv M/21 om konsesjon - priskontroll - buplikt