Investeringstiltak i beiteområde (organisert beitebruk)

Lag, foreningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift kan få støtte til investeringstiltak. Betre utnytting av beiteområde og redusere dyretap på beite; er målet med investeringane.

Fellestiltak vert prioriterte ved tildeling og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde.

Døme på aktuelle tiltak:

  • Sanke og skiljeanlegg
  • Bruer dimensjonert for dyr og folk
  • Sperregjerder
  • Gjetarhytter/-sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Rettleiande satsar for eige arbeid:

  • Planlegging av tiltak (ut over søknadsskriving) - kr 200,-pr/time
  • Manuelt utført eige arbeid - kr 350,- pr/time
  • Bruk av motorsak, ryddesag ol. - kr 450,- pr/time
  • Bruk av traktor med reiskap - kr 600,- pr/time
  • Bruk av gravemaskin fom 4 tonn - kr 800,- pr/time

Søknadsfrist:

15. april 

Kven skal motta søknaden?

Søknad om tilskot skal sendast til den kommunen som er mest berørt av tiltaket.

Kva for vedlegg bør vere med søknaden?

  • Legg ved eit kart der tiltaket som vert søkt om er innteikna. 
  • Pris u/mva på planlagd investering, gjerne med ei opplisting t.d. på materialkostnader. 
  • Oversikt over søkjarar som ynskjer å investere i elektronisk utstyr.

Her finn du søknadskjema:

Søk om tilskot til investeringstiltak i beiteområde

Her er lenkje til søknadsinformasjon/saksgang og orientering om utbetaling for ordninga på Landbruksdirektoratet sine sider

Heimel/forskrift

Strategi for bruk av tilskot til beiteområdetiltak - Vik kommune - 2026-2029

Forskrift om tilskot til tiltak i beiteområder - FOR-2013-02-04-206

Administrasjonen
InformasjonKontaktopplysningar
Telefon57 69 82 00
GateadresseFjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
PostadressePostboks 134, 6891 Vik i Sogn
OpningstiderMåndag - fredag: 10:00 - 14:00.
Organisasjonsnummer937498764
EHF faktura0192:937498764
E-postpostmottak@vik.kommune.no
eDialogSikker elektronisk post til kommunen