Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

SMIL er eit tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Føremålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Tilskot kan gå til

  • prosjektplanlegging
  • tiltak som varetek natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet
  • tiltak som hjelper til å hindre eller redusere forureining.
  • tilskot til planleggings- og tilretteleggingsprosjekt 
  • skjøtsel av kulturlandskap med tiltak knytt til opning av landskap/beite 
  • tilskot til opprusting av steingardar og bakkemurar 
  • tilskot til fjerning av gamle piggtrådgjerde 
  • tiltak som hindrar og minkar utslepp og forureining frå jordbruket. 
  • tilskot til hydrotekniske tiltak som avskjeringsgrøfter, kanalar, sikring av elve og bekkekantar m.m. som hindrar erosjonr
  • restaurering av bygningar og andre kulturminne av spesiell verdi

 

Nytt av året - 2026:

Ved fjerning av gamle piggtrådgjerde gjer kommunen tilskot på 20kr per meter.

Kven kan søke SMIL-midlar?

  • Føretak som oppfyller vilkår i forskrift om produksjons-og avløysartilskot
  • Eigar av landbrukseigedom som kan søke, dersom det er ein produksjon på landbrukseigedommen som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjons- og avløysartilskot

Søknaden skal som eit minimum innehalde:

  • Omtale av tiltaket
  • Framdriftsplan
  • Kostnadsoverslag 
  • Finansieringsplan
  • Kart over driftseininga der det aktuelle tiltaket, kulturminne, erosjonsutsatte areal og område med viktige miljøkvalitetar er avmerkt. 
  • Fotografi og/eller tekningar 
  • Løyve frå grunneigar dersom tiltaket skjer på leigd landbruksareal. 
  • Gjødslingsplan og sprøytejournal om plantevern vert nytta

Kriterium/vilkår

Landbrukseigedomen må ha ein produksjon som er godkjent for tilskot.

  • Vilkåra i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot (§§ 2, 3 eller 4) må vere oppfylt.
  • Vilkåra i forskrift om gjødselsplanlegging må vere oppfylt.
  • Det skal førast journal over plantevernmiddel som blir brukt.
  • Det må leggjast fram eit kart over dei disponible areala for jordbruk, men også areal med kulturminne, område som er viktige for biologisk mangfald eller miljøvern. https://gardskart.nibio.no/search

Nyttige lenkjer:

Kommunen sin eigen tiltaksstrategi for SMIL midlar finn du på lenkja her:
Strategiplan SMIL år 2024-2027 (PDF, 309 kB)
Landbruksdirektoratet - info om smil midlar

Søknader skal sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn. Alle brev som gjeld søknaden vil bli send til innboksen din i Altinn.
Instruksjonsfilm for søkjar.

Kommunen har ein fleirårig tiltaksstrategi for prioritering av SMIL-midlane. I strategien står det også mykje nyttig om korleis søknaden bør utformast og kva ein bør sende med som vedlegg.

Søknadskjema

Søknad SMIL


Søknadsfrist

Søknadsfristen er 15. april.  

Administrasjonen
InformasjonKontaktopplysningar
Telefon57 69 82 00
GateadresseFjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
PostadressePostboks 134, 6891 Vik i Sogn
OpningstiderMåndag - fredag: 10:00 - 14:00.
Organisasjonsnummer937498764
EHF faktura0192:937498764
E-postpostmottak@vik.kommune.no
eDialogSikker elektronisk post til kommunen

Heimel:

Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket
Kommentar til regelverk - rundskriv 2021/18