Tilskot til nærings- og miljøtiltak (NMSK)

NMSK-midlar er tilskot for skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog, uttak av skogvirke til bioenergi, drift med taubane og ellers andre tiltak i skogbruket.

Føremålet med NMSK-midlane er stimulering av auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som ein ivaretek miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne.

Her er døme på skogs-tiltak som ein kan få tilskot til:

  • Taubanedrift og terrengtransport av tømmer (beror på tømmer-pris)
  • Planting (50%)
  • Ungskogpleie (70% eller maks kr 700,- pr da)
  • Landbruk/skogsvegbygging (25-60%)
  • Miljøtiltak (Maks kr 75 000,-)

Her finn du retningsliner for tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (pdf).

Korleis søkje om tilskot?

  • Taubanedrift

NB! Søknadskjema må vere innsendt til kommunen minst 6 veker før tiltaket startar opp.

Søknadskjema L-DIR-916_N (PDF, 159 kB)

  • Planting og ungskogpleie

Vedlegg til søknaden her er faktura for kjøpt/utført arbeid samt eit kart der tiltaksområdet er tydeleg markert.

Søknadskjema L-DIR-909_B (PDF, 182 kB)

Fleire skjema innan tenesteområdet vårt for skog finn du her

Heimel

Forskrift om skogfond o.a.
Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket