Hjort på nett

Jegerobservasjonar som vert innrapportert via appen "Sett og skutt", eller "sett data" via papirskjema til kommunen, kan vere til god nytte i arbeidet med forvaltning av hjortebestanden.

Appen kan lastast ned både for iPhone og Android-telefonar. Etter at du har registrert deg første gang kan du òg bruke appen utan internettdekning.
 

Dette registrerer du i sett-hjort skjemaet (papirskjema)

Du registerer hjort som du ser pr. dato. I det same skjemaet kan du fylle inn dyr du har skote. Det kan kun utfyllast eit skjema for kvart jaktfelt pr. dag. Lenkje til papir-skjemaet finn du på denne lenkja (pdf) (PDF, 2 MB).

Registrering i Hjorteviltregisteret

Hjort som du har sett og skote skal no innregistrerast i Hjorteviltregisteret. Jegrane må logge seg inn med eige jegernummer og fødseldatoen sin.

Valdansvarlege, ettersøkspersonell loggar seg inn med e-postadresse og passord.
Her finn du lenkje for innlogging til hjorteviltregisteret.

Andre lenkjer

Kven gjer kva av registrering i Hjorteviltregisteret 
Finn svar på skantesjukeprøve
Nina rapport om hjortevilt for åra 1991-2021utgjeven i 2022
Nyhende for jegeren om vilt i Norge