Jegerprøveeksamen i app

Vil du ta jegerprøve-eksamen? Først må du ha eit obligatorisk kurs.

Om du skal gå på jakt må du ha kunnskap om jaktbare artar, skytevåpen, fangstredskap, human jakt og regelverk.

Meld deg på eit kurs

Det vert arrangert jegerprøvekurs i dei fleste kommunane i Norge. 
På denne lenkja finn du ein studieplan fastsett av Miljødirektoratet 01.04.2017

Det obligatoriske kurset er på 30 timar, fordelt over ni obligatoriske samlingar.

Nettbasert e-læring for jegerprøven

Det finst nettbasert læring for alle samlingane. Studiet her kan du bruka som eit læreverk, eller for å repetera og førebu deg framfor eksamen.

På lenkja her finn du e-læring for jegerprøven med norsk tale

Jegerprøvekurs på nett?

Ulike studieforbund kan gjennomføra det obligatoriske jegerprøvekurset. Kursarrangør kan krevje avgift for kurset:

Korleis får eg utført jegerprøve-eksamen?

Ein ansvarleg person frå kommunen må registrere deg før eksamen, og difor må du ta kontakt med landbrukskontoret.

I tillegg må alle som skal ta jegerprøveeksamen betale eksamensgebyr først. Pr jan. 2023 er dette på kr 360,-. Dette kan gjerast i appen med kort eller Vipps.

På lenkja her ser du korleis du vidare går fram for å få fullført jegerprøve-eksamen din etter å ha delteke i kurset.