Forureina grunn - bygging og graving

Skal du setje i gang med byggje- og gravearbeid på ein eigedom der det er grunn til å tru at grunnen er forureina, har du plikt til å sørgje for å få klarlagt omfanget av ei eventuell forureining.

Meir om tenesta

Du må leige inn ein konsulent med ekspertise på grunnforureining til å undersøkje grunnen. Der det finst slik forureining, skal det lagast ein eigen tiltaksplan som gjer greie for korleis ein kan unngå spreiing av forureininga og korleis ein skal sikre at grunnen har god nok miljøkvalitet etter at tiltaket er gjennomført.

Det kan vere grunn til å tru at grunnen er forureina

  • i område der det tidlegare har vore forureinande industriverksemd
  • i område som har fungert som deponi
  • på branntomter
  • i område som ligg inntil forureiningsområde
  • eigedomar der det tidlegare har blitt rive eller rehabilitert bygg.

I byar må ein ofte rekne med at det er forureining i grunnen på grunn av stort ombruk både av areal og jordmassar.

Kven kan få tenesta?

Grunneigar eller utbyggjar (tiltakshavar)

Korleis kan du søkje på tenesta?

Tiltaksplanen sendast til kommunen saman med søknad etter plan- og bygningslova der slik søknad er nødvendig.

Sakshandsaming

Tiltaksplanen skal godkjennast av kommunen. Kommunen kan avgjere at tiltakshavaren skal varsle naboar og eventuelle andre som saka vedkjem, om det planlagte terrenginngrepet.

Etter at tiltaka er gjennomførde skal ein sluttrapport leverast til kommunen. Når rapporten er behandla og godkjent vil kommunen registrere eigedomen i databasen grunnforureining.

Kommunen kan krevje gebyr for saksbehandling.

Kommunen si behandling av tiltaksplanen skal så langt det er råd samordnast med behandlinga av saka etter plan- og bygningslova.

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Korleis kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Aktuelle lenker og dokumentasjon

Forvaltningslova

Forureiningsforskrifta